Det rislar i isvåte graset

Det sullar så godt i ein bekk

Svartflugu vaknar i glaset

Elv-isen morknar og sprekk.

 

Frå flekkberre høge høer

Kjem sigande vårvåt eim

Snøbrotne bjørkkvister bløer

Der gråtrosten byggjer sin heim.

 

Ved brunsvidde solveggen kviler

Ein gamal med sølvgrått hår

Myser mot grønskande lier

Og smiler mot enda ein vår.

 

Share This